Om boken
Dagen er draum. Anniken spring så den turkise skjortekanten skjer seg inn i kratt og tornar. Dei kvite krøllane dansar og viklar seg inn i eine augnekroken. Ho dreg i ein hårfloke og snublar over ei svart trerot. Sarte, ravgule strå svingar seg i vestakulingen. Bort, langt bort, vil ho. Bort frå den teite skuledagen og dei ekle maurane i kroppen.
Slik startar Jordbær i Genève, ein oppvekstroman om Anniken frå Svanøya og Khalil frå Kabul. Boka skildrar Anniken si reise til ein FN-konferanse i Genève, der utdanning og menneskerettar står i front. Men dette er også ei forteljing om den fyrste kjærleiken, om mangfaldet i naturen, og om ei ung danningsreise.