Hopp til innholdet
Hjem/Boker/

Terra victoris

Terra victoris

Utgitt av Samlaget

Antall sider: 318

Språk Norsk (nynorsk)

Sjanger

Utgivelsesår: 2022

Om boken

Handlinga i denne forteljinga tek til på slutten av 2000-talet. Dei rikaste menneska har klart å stoppe klimakrisa og vunne krigen mot Alpha-intelligensen, den første kunstige intelligens. No blir dei sett på som heltar. I Istanbul møtest to ungdomar, Ingrid frå Noreg og Zeki frå Tyrkia, som på kvar sin kant leitar etter svar. Ingrid skal møte onkelen sin som er arkeolog, Zeki leitar etter ei sakna venninne. No blir dei kasta ut i eit kappløp om verdssamfunnet, der fienden er den dei trudde var fallen.

Anmeldelser (1)

Ei umogleg framtid

William Carnot

18.10.2024

“Terra Victoris” er ei sci-fi roman, skrive av Asbjørn Rydland. Boka handlar om Ingrid, ei jente i tenåra som besøkjer Onkelen sin, som er ein arkeolog. Året er 2193, og dei leitar etter ei forsvunne satellitt, med ein mektig kunstig intelligens, mange år etter han utløyste ei stor krig mot menneska. Men klarar dei å finna han før han hamnar i feil hender.

Eg synast boka var overdriven på ein del områdar. Naturkatastrofar, kunstig intelligens som tar over verda, og rike menneska som flytter hovudet sitt inn i maskinar, og blir udødelege. Samtidig, kan desse tinga vera realistiske, og vise oss korleis verda kan kome til å vera i framtida, så klart med ei klype salt.

Det er eit kjedeleg språk forfattaren skriv. Eg saknar “vis, ikkje fortel”. Det verkar som om forfattaren prøvar å få så mykje ord som overhovud mogleg inn i romanen, og det er nok derfor boka er 317 sider.

Karakterane i boka hadde etter mi meining av lite personlegdom. Eg saknar meir av det uvanlege, meir djupare innside. Historiene deira følte som klipp og lim frå andre romanar, og blir klisjéprega.

Ein ting som fanga merksemda mi, var ein allusjon frå ei kjent bok, nemleg George Orwell - 1984. Sitatet var som følgjer: “Who controls the past controls the future. Who controls the present controls the past.” For å ikkje øydelegga for framtidige lesarar, kan eg ikkje seie mykje om betydninga i samanhengen med boka.

Omgrepslista som ein finn bakarst i boka, synast eg var nyttig. Sci-fi romanar kan ha mange ulike stedar, namn, konsept, og liknande som ikkje alltid er så lett å halda styr på.

Overalt var det nok spenning i boka til at eg klarte å lese meg gjennom. Bodskapet handlar om menneska, korleis det er i stand til å øydeleggja seg sjølv, og å gjere det som kjennest rett for kvarandre. Ut frå språket i boka, tenkjer eg at boka òg er for ungdom, mogeleg vis rundt 13-15 år. Alt i alt gir eg boka terningkast 3.

Se alle anmeldelser