Hopp til innholdet
Hjem/Bøker/Tusenfryd/

Anmeldelser

Tusenfryd

Av Lars Mæhle

Anmeldelser (2)

Bok: Tusenfryd

Ein tettstad, seks historier

Sibell

18.10.2024

«Tusenfryd» av Lars Mæhle er ein novellesamling. Boka fortel historiene til seks elevar som alle går i same klasse. Kaleb har ein kreftsjuk syster, som ønskjer å dra på Tusenfryd. Fred prøver å finne eit sted der han kan vere borte frå Adrian. Adrian prøver å unngå faren. Tonje er ho stille jenta i klassen, som ikkje tørr å seie noko fordi ho stammar. Tobias kjem flyttande til vesle tettstaden. Ved sidan av Tobias bor Kaja, som ikkje vil at foreldra skal skiljast.

Før eg byrja å lese var eg usikker på kor godt novellene kom til å fungere saman. Eg var redd for at boka skulle bli for delt opp og utan samanheng, men dette var ikkje tilfelle. Det var fint å få ein ny vinkel når ein annan enda. Eg meiner dette funka betre enn viss alle vinklane hadde kome samtidig. Det ga rett og slett ein betre oversikt.

Boka tar opp korleis mange unge ungdommar har det. Vi møter som sagt seks ulike personlegdomar i ulike situasjonar. Boken tar opp tema som barnekreft, korleis det er å vekse opp, vald i heimen, familieproblem, korleis det er å flytte til ein ny stad og mobbing. Dette gjer at eg trur mange unge kan finne minst ein karakter i boka dei kan relatere til.

Forfattaren har klart å finne balansen på kor mykje fokus desse temane skal få. Dei sklir inn på en naturleg måte, samtidig som dei ikkje blir gløymd. Dette gjer at boka blir realistisk.

Kvar av novellene begynner ganske rett på sak, det er ikkje mykje introduksjon av karakterane. Trass i dette, kjennest det framleis ut som ein kjenner og skjønner karakterane. På denne måten trengjer ikkje lesaren å ta stilling til om ein liker karakteren eller ikkje, men heller konsentrere seg om historia.

Boka var ikkje heilt for meg. Eg følte at karakterane var litt yngre enn meg, litt meir umodne. Det gjorde at nokre av situasjonane kjentest litt «teite» eller ikkje så problematiske og kompliserte som karakteren følte.

Språket i boka kjentest riktig for aldersgruppa og karakterane eg så for meg. Språket blei ikkje for barnsleg, og alle karakterane hadde si eiga måte å prate på. Det gjorde at ho kjentest meir ekte og det blei ikkje for mye av det same.

Alt i alt, meiner eg at om «Tusenfryd» at det er ei fin bok for dei som er litt yngre enn meg, rundt 12-14 åringar. Eg synast verkeleg at dette er ei bok det kan vere verdt å lese, spesielt viss du er nysgjerrig på korleis ei novellesamling er å lese. Eg vil gi boka terningkast 4.

Bok: Tusenfryd

Tusenfryd bokmelding

William

18.10.2024

Tusenfryd bokmelding


Forfattar: Lars Mæhle
Utgivelse: 2022
Språk: Norsk, Nynorsk
Antall sider: 127

Dette er ei bok som kan vere litt vanskeleg å forstå på grunn av at det er mange fortellingar/noveller i same bok, noko som kan gjere at ein blir veldig forvirra. Eg vil ikkje tru at dette er noko typisk ungdomsbok. Den er rar og vanskeleg å lese, og eg hadde ikkje anbefalt denne boka. Den startar med to søsken, der den eine har kreft. Draumen hennar var å få dra til Tusenfryd før ho døydde. Dette var eit ynskje broren ville gjere alt for å oppfylle. Etter eg hadde lese den første novella, blei det allereie då vanskeleg å henge med. Når ein skal lese denne, må ein vere klar over at dette ikkje er ein roman, men mange noveller. I tillegg til at ein må vere veldig nøye med å lese overskriftene, så ein veit når ei ny novelle byrjar. Hvis ikkje detter ein ut av det med ein gong. Som sagt, dette er ikkje ei bok eg anbefaler. I denne boka savnar eg ei god fortelling som er lett å lese og lett å leve seg inn i. Eg gir derfor denne boka terningkast 3.