Utdrag frå "Heilt aleine"

"Heilt aleine" av Karen Kyllesø, Samlaget 2025.
Karen Kyllesø (f. 2003) er verdas yngste person som har gått aleine til Sørpolen, i ein alder av 21 år. I "Heilt aleine" fortel ho om den 54 dagar lange reisa og åra som leidde fram til ho. I dette utdraget fortel ho om då ho gjekk over Grønland som 15-åring.
Til Grønland

Femtenårsdagen vart feira med seigmenn og ballongar på pulken. Foto: Denise Martin
Tysdag 15. mai 2018 – dag 9 over Grønland.
I dag var det endå kaldare frå morgonen av. Sur motvind gjorde at eg for fyrste gong tok fram slalåmbriller og maske for å dekkje til ansiktet. Eg drog hetta over hovudet for å unngå at den kalde vinden skulle krype ned i nakken og nedover ryggen. Det vart lunt og godt inni hetta, men det dogga i brillene. Det gjorde nesten ingenting, dårleg sikt var det uansett. Det var whiteout, og himmelen gjekk i eitt med den snødekte vidda. Hadde det ikkje vore for kompasset, ville me truleg ha gått i ring. Det var tungt å gå fremst i dag. Alle i gruppa byter på å gå framme og navigere etter kompasset, ei økt kvar om dagen. Vanlegvis gløttar ein ned på kompasset kanskje kvart andre minutt, og brukar elles himmelen, sola, skuggane våre og konturar i snøen til å navigere etter. No ser alt heilt likt ut, og ein må stire på kompassnåla konstant for å ikkje miste retninga. Øktene varer 55 minutt, og når eg ikkje følgjer med på kompasset, må eg sjå på klokka, og til tider verka det som tida stod stille, og at me gjorde det same.
Etter fire økter var det lunsj, og me bestemte oss for å setje opp eit telt for å komme oss i le. Vanlegvis et me lunsj ute på pulken, og dei fleste dagane har me hatt sol som varmar i ansiktet, og så lite vind at me kan ta av oss hanskane medan me et. Det var herleg å komme inn i teltet, sjølv om det vart trongt med ni skigåarar, fullt utstyrte med dunjakker og pulksele i eit fi remannstelt. Medan me sit i teltet og ventar på at nudlane skal trekkje til seg det varme vatnet, nemner Denise at me enno ikkje har noko namn på ekspedisjonen. Khai føreslår at ekspedisjonen skal heite «Expedition 15» eller «Expedition 1.5» fordi eg hadde fylt 15 år på turen og dette vart verdsrekorden for den yngste kvinna til å krysse Grønland på ski. Det passa òg fordi det for åtte av oss var vår fyrste Grønlands-kryssing – og for Bård Helge den femte. Alle liker forslaget, og spesielt referansen, men det er litt kjedeleg òg.
Etter lunsj går me fire økter til. Me slår leir. Til no har eg berre delt telt med Denise, men sidan Mirec og Helmut sitt telt har fått seg ei ripe, blir Bård Helge med i vårt telt denne kvelden, og Mirec og Helmut fordeler seg i dei to resterande teltlaga. Denise og Bård Helge brukar kvelden på å reparere teltet. Dei sit krumbøygde i innerteltet, den eine samlar teltduken rundt rivna, den andre lappar det saman. Eg ordnar med primus og smelting av snø. Eg opna og las breva frå mor og far og frå veslebror Emil i dag. Emil er fire år yngre enn eg og skreiv brevet rett før eg reiste:
«Kjære Karen. No er du nok på isen medan eg er på rampen med minibmx-en min. Eg kjem til å sakne deg. Du betyr mykje for meg. Du er den beste storesystera i verda. Eg er stolt over deg, sjølv om eg er dritlei av Grønlands-snakkisen din. No får eg og bamsane endeleg mor og far for oss sjølv. God tur vidare. PS! I LOVE YOU!»

Campen klargjord for vind opp mot orkan styrke.
Nokre fleire dagar ut i turen fekk me inn ei skremmande vêrmelding på satellittelefonen. Lars Ebbesen melde vêret for oss dagleg, og no bad han oss lage ein stormcamp. Det vil seie å bygge snømurar mot vinden og grave telta ned i snøen.

Vêrfast i teltet med vindstyrke opp mot 40 meter i sekundet, orkan styrke. Foto: Helmut Plankl
Eg er faktisk ganske glad for at eg fekk denne opplevinga som så ung og naiv. Det kjendest ikkje skummelt der og då, og i staden for å liggje livredd og søvnlaus i tre døgn fekk eg lære korleis ein skal handle i ein slik situasjon, korleis ein bygger ein stormcamp, og kva ein skal gjere for å ri av stormen. Eg føler denne opp levinga har herda meg om eg skulle ende i ein liknande situasjon seinare. Eg kjem nok til å vere reddare neste gong det skjer, men likevel trur eg at eg kan klare å kjenne igjen situasjonen, halde fokus og løyse oppgåva.
Seinare fekk eg òg høyre at eit anna team som var på isen samtidig, hadde mista eit telt, og eit tredje nesten mista ein person som ikkje fann tilbake til teltet på fleire timar. Då eg høyrde dette, kjende eg litt på skrekken etter å ha vore så naiv i ein ekstrem situasjon, og eg fekk definitivt ein fornya respekt for naturkreftene.
Etter orkanen var det ikkje lenger spørsmål om kva ekspedisjonen skulle heite, og siste halvdel av turen omtalte me laget som «HurriKaren and the Stormriders, Expedition 15».

"Heilt aleine" av Karen Kyllesø, Samlaget 2025.

Antarktis
Av Ane K. Engvik
Antarktis er det kaldeste, tørreste og mest forblåste kontinentet på jorda. I denne boken møter vi verdens største isbre, jordens sterkeste vinder, de tøffeste dyreungene, den sørligste vulkanen og tre milliarder år gammel stein. Nordmenn var blant de første som utforsket Antarktis. I dag forvalter verdenssamfunnet det sårbare naturmiljøet sammen. Møt dette iskalde kontinentet i tekst og flotte illustrasjoner. Ane K. Engvik som har skrevet boka, har selv vært på tre forskningsekspedisjoner til Antarktis og kjenner kontinentet godt.





